Tannhelsetilbod til 21- og 22-åringar

Frå 1.januar 2022 er det offentlege tannhelsetilbodet utvida til å gjelde 21- og 22-åringar .

Kven gjeld tilbodet for?
Er du 21 eller 22 år, og bur eller oppheld deg i Møre og Romsdal, kan du ta kontakt med den offentlege tannhelsetenesta i fylket for å få tannbehandling med 50 % rabatt. Ordninga gjeld ut det året du fyller 22 år.  Oversikt over offentlege tannklinikkar finn du her.

Rabatten gjeld ikkje kosmetisk tannbehandling, t.d. tannbleiking.

Dersom du har trygderettar på tannbehandlinga, får du 50 % rabatt på eigendelen etter at trygderefusjonen er trekt frå.

Har du fått tannbehandling på offentleg tannklinikk tidlegare i år?

Du vil få refundert 50 % av behandlingsutgiftene. Ta kontakt med tannklinikken der du fekk behandling, så ordnar klinikken resten. Frå mars 2022 blir rabatten trekt automatisk.

Har du fått tannbehandling på privat tannklinikk tidlegare i år?

Dersom du har vore til behandling hos privat tannlege i januar, februar og mars 2022, får du refundert 50 % av behandlingsutgiftene.

  • Du må sende kvittering til:
    • Fylkestannlegen i Møre og Romsdal fylkeskommune, fakturamottak,
    • postboks 2501,
    • 6404 Molde.

Hugs å oppgi namn, adresse og kontonummer (11 siffer). 

Gjeld rabatten også behandling hos privat tannlege?

Dersom den offentlege tannklinikken ikkje kan gi deg time innan tre månader,  kan du ta kontakt med ein privat tannlege for behandling.

  • For å få refundert 50 % av behandlingsutgiftene må du sende kvittering for tannbehandlinga til:
    • Fylkestannlegen i Møre og Romsdal fylkeskommune, fakturamottak,
    • postboks 2501,
    • 6404 Molde.

Hugs å oppgi namn, adresse og kontonummer (11 siffer).