Klage på tannbehandling

Klage på offentleg tannhelseteneste

  1. Ta kontakt med den som har behandla deg eller tannklinikken din. Dersom de finn ei tilfredsstillande løysing, blir saka avslutta. 
  2. Er det vanskeleg å løyse saka på denne måten, kan du klage skriftleg til overtannlegen i regionen. Overtannlegen, vil i samråd med fylkestannlegen, behandle saka. 
  3. Dersom du ikkje får medhald i klagen, kan du klage til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Frist for å klage vidare er fire veker. Klage til Statsforvaltaren skal vere skriftleg. Klagen skal vere underteikna av deg eller ein som representerer deg. Klagen skal innehalde det du klager på, og opplysningar du meiner har betydning for behandling av klagen. 
  4. Du kan også få hjelp hos Pasient- og brukarombodet.

Merk at denne klageordninga berre gjeld klager på offentlege tannhelsetenester.

Ønsker du å klage på private tannklinikkar så ta kontakt med lokalt Helsetilsyn (Statsforvaltaren i Møre og Romsdal). 

Dersom den private tannlegen er medlem av Den norske tannlegeforening kan klagen sendast til lokal klagenemd. Du finn meir informasjon om klagerettar på nettsidene deira. 

 

Kontakt