Til deg som treng tannbehandling

(Oppdatering 8.7.22: Mellombels redusert tannhelsetilbod)

Dei offentlege tannklinikkane på Åndalsnes, Vestnes, Midsund og i Molde har for tida sterkt redusert behandlingskapasitet som følgje av fleire ubesette tannlegestillingar. Dei ledige stillingane er utlyst, men det må dessverre påreknast forsinka innkalling til tannbehandling resten av 2022.

Behandlingstilbodet for alle pasienter frå Gjemnes kommune som har rett på gratis tannbehandling i den offentlege tannhelsetenesta, vil inn til vidare bli gitt ved distriktstannklinikken i Kristiansund. Spørsmål rettast til Distriktstannklinikken Kristiansund, Fosnagata 13, 6509 Kristiansund, tlf 71284500, tkkristiansund@mrfylke.no

Den offentlege tannhelsetenesta gir tilbod om tannhelsetenester til:

Klinikkane gir også tilbod til vaksne betalande pasientar.

Den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal har 27 tannklinikkar. 

Tannhelsetenesta er organisert i fire kompetanseregionar med ein overtannlege som er fagleg og administrativ ansvarleg leiar i kvar region. 

Har du spørsmål, ta kontakt med fylkestannlegen sitt kontor på tlf. 71 28 03 00