Overvasshandtering i by og tettstad: Vi dukkar ned i regnbedet
Webinar
I dette webinaret vil landskapsarkitekt Taran Aanderaa og fagansvarleg for Vatn og miljø, Mariann Sæbø Wagner, begge frå Asplan Viak AS, dele kunnskap frå eit nyleg avslutta FOU-prosjekt om regnbed. Vi får høyre om kva som skal til for at slike bed skal fungere som ei løysing for open overvasshandtering og bli ei beriking av byar og tettstadar.
I takt med klimaendringane og meir styrtregn er opne overvassløysingar eit aktuelt tiltak for å dempe flaum og redusere belastninga på teknisk infrastruktur. Regnbedet er til no eitt av dei mest nytta overvasstiltaka. Det er eit ope, nedsenka og plantedekka område som skal kunne ta imot overvatn frå eit lokalt nedbørsfelt. Erfaringane viser at mange regnbed ikkje fungerer som planlagt og at dei ikkje toler påkjenningar som t.d. tråkk, søppel, brøyting og forureining. Konsulentane i Asplan Viak har derfor arbeidd med å finne ut av kva som må til for å unngå feil og manglar i neste generasjon regnbed.
Påmeldingsfrist 14. april.