Informasjons- og innspelsmøte for ungdomspartia i Møre og Romsdal

25/08 2022 18:00 - 19:30
Digitalt
Skriv ut

Vi ønsker å invitere alle dei politiske ungdomspartia i Møre og Romsdal til eit informasjonsmøte om kva fylkeskommunen og Statsforvaltaren gjer for å møte klima- og naturkrisa.

Fylkeskommunen jobbar med ein ny fylkesstrategi for miljø, klima og energi, i møtet vil det også bli moglegheit til å gje innspel til strategien. Fylkesstrategien er ein strategi for heile fylket, dvs. innbyggarar, organisasjonar, næring, kulturliv, kommunar, statsetatar etc. - ikkje berre for fylkeskommunen.

Agenda:

  • Status/tilstand miljø, klima og energi i Møre og Romsdal.
  • Informasjon om korleis Statsforvaltaren jobbar med miljø, klima og energi samt kva verkemiddel dei rår over.
  • Informasjon om korleis fylkeskommunen jobbar med miljø, klima og energi samt kva verkemiddel dei rår over.
  • Kort presentasjon frå kvart parti om kva dei meiner må prioriterast i den nye fylkesstrategien. (5 min per parti).

Strategien vert sendt ut på ordinær høyring i årsskiftet 2022/2023.

Påmeldingsskjema finn du under. Frist for påmelding er 22.08.22. Du vil få tilsendt ei Teams-lenke to dagar før møtet. 

Påmeldingsskjema

Kontakt