Dialogmøte ung medverknad

12/09 2022 09:30 - 14:00
Molde, Scandic Seilet
Skriv ut

Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker å samle barn- og unges representant, dei som jobbar med ungdomsråda i kommunane og leiar i ungdomsråda til felles dialogmøte. Det blir lagt opp til tre regionale samlingar: Molde 12.09, Kristiansund 20.09 og Ålesund 22.09.

Distriktssenteret vil også vere med å bidra med fagleg innhald om ung medverknad.

Formål med møtet er å bygge samarbeid mellom desse tre funksjonane, mellom kommunane og fylkeskommunen, og gi ny kunnskap.

Målet er betre ungdomsmedverknad, og at barn og unge sine interesser blir tatt omsyn til i planlegging.

 

Program 12. september

0930 - 1100         

  • Innleiing ved ungdomspanelets nestleiar Niels Leenders - “Ungdommens stemme i samfunnsutviklinga”   
  • Presentasjonsrunde – kort om stillingsressurs, samarbeid mellom barn- og unges representant og koordinator, eit godt eksempel de vil dele. 
  • Innlegg frå fylkesplansjef Ingunn Bekken Sjåholm - “Fylkeskommunens rolle ovanfor barn og unge i planlegging og medverking”   
  • Innlegg frå Distriktssenteret ved spesialrådgivar Anne Irene Myhr
  • Innlegg frå barne- og unges representant Siri Kiviranta, Molde kommune

1100 - 1200        Lunsj

1200 – 1400       Dele gruppene 

Gruppe 1: Barn- og unges representant 

Kva er eigentleg barn og unges interesser? - ved rådgivar Ingeborg Forseth 

  • Kort om funna om ordninga frå evalueringa av plan og bygningsloven (EVAPLAN ) 
  • Litt om rikspolitiske retningslinjer for barn og planlegging 
  • Kva kan fylkeskommunen bidra med 

Spørsmål til diskusjon i grupper:  

«Særskilt ordning for å ivareta barn og unges interesser i planlegginga – kor kan ein best ivareta intensjonen?»  

  • Kva hindrar deg i å ivareta ordninga?  
  • Har du eit godt eksempel der du opplevde at ordninga fungerte?  
  • Kva meiner du kan vere ein god løysning/modell framover for ordninga? 

Gruppe 2: Koordinator og leiar for kommunale ungdomsråd 

Oppfølging av punkt frå møterekka i fjor og informasjon om ungdommens fylkesting ved UNGkoordinator Åse Helene Stenerud 

  • Regionale møter etter modell som Sjustjerna på søre Sunnmøre 
  • Ungdommens fylkesting 
  • Kurs og moglegheiter for internasjonalt samarbeid ved internasjonal rådgivar frå Møre og Romsdal fylkeskommune