Temadag "Electrofuel som energiberar"
Kulturfabrikken i Kristiansund
Onsdag 3. mai inviterer Møre og Romsdal fylkeskommune til temadag om electrofuel som energiberar på Kulturfabrikken i Kristiansund.
Den grøne omstillinga krev nye energiberarar. «Mer av alt – raskere» heiter det i rapporten som Energikommisjonen publiserte 1. februar. Electrofuel er eit alternativ til diesel og kan nyttast i vanlege forbrenningsmotorar med eksisterande infrastruktur. Electrofuel er kraftkrevjande å produsere, men kan vere eit av dei framtidige drivstoffa i omlegginga frå fossilt drivstoff.
Transportsektoren med landtransport, fly- og skipsfart står for omtrent ein tredjedel av alle utslepp i dag. Fossile drivstoff skal fasast ut, og vi står overfor val av andre null- og lavutsleppsdrivstoff til å ta over. Den 03.05.23 skal vi lære meir om ein av dei nye drivstofftypane, som går under fleire namn; electrofuel, e-diesel, Power-to-X eller berekraftig drivstoff.
Målgruppe: flyfart, landtransport, skipsfart, forsvaret, naudetatar, politikarar med fleire.
Det vert innlegg frå: Nordic Electrofuel, Norsk e-fuel, NTNU, Norwegian, DNV, NLF, Avinor, Wilhelmsen, Norce, Kystvakten, Zero og Transport & Environment.
Hold av heile dagen. Meir informasjon om program kjem. Arrangementet er gratis. Det blir enkel servering.
Påmelding fysisk deltaking: Sjå skjema under. Påmeldingar vert teke i mot fortløpande inntil 150 deltakarar. Påmeldingsfristen er 2. mai kl. 10.00.
Digital deltaking: https://www.youtube.com/watch?v=Pi53np7CTH8