Dialogmøte med bedrifter om støtte til innovasjonsprosjekt
Fosnavåg, Thon Hotels
Fylkeskommunen, Forskingsrådet og Innovasjon Norge inviterer bedrifter til dialogmøte. Formålet med møta er å vise korleis bedriftene kan utvikle prosjektideane sine slik at dei gir nytte for bedrifta og samtidig møter viktige samfunnsutfordringar.
Innhald/tema:
Nasjonale og regionale verkemiddel har todelt formål; Midla skal bidra til å auke innovasjonsevna i bedriftene og samtidig bygge opp om regionale, nasjonale og internasjonale berekraftsmål. Gjennom praktiske prosjekteksempel vil vi vise:
- kva eit innovasjonsprosjekt kan innehalde for å treffe godt på begge formåla
- kva type verkemiddel passar til kva type innovasjonsprosjekt
Program Fosnavåg
12.00 Lunsj
12.30 Dialogmøte
14.30 Slutt
Dialogmøtet skjer i samarbeid med dei seks næringsforeiningane på Søre Sunnmøre (NÆSS).
Det blir halde tilsvarande møte i Ørsta same dag, kl. 08.00 - 11.00. Klikk her dersom du heller ønskjer å delta i Ørsta.