Dialogmøte med bedrifter om støtte til innovasjonsprosjekt
Ørsta, Hotell Ivar Aasen
Fylkeskommunen, Forskingsrådet og Innovasjon Norge inviterer bedrifter til dialogmøte. Formålet med møta er å vise korleis bedriftene kan utvikle prosjektideane sine slik at dei gir nytte for bedrifta og samtidig møter viktige samfunnsutfordringar.
Innhald/tema:
Nasjonale og regionale verkemiddel har todelt formål; Midla skal bidra til å auke innovasjonsevna i bedriftene og samtidig bygge opp om regionale, nasjonale og internasjonale berekraftsmål. Gjennom praktiske prosjekteksempel vil vi vise:
- kva eit innovasjonsprosjekt kan innehalde for å treffe godt på begge formåla
- kva type verkemiddel passar til kva type innovasjonsprosjekt
Program
- 08.00 Frukost
- 08.30 Dialogmøte
- 11.00 Slutt
Dialogmøtet skjer i samarbeid med næringsforeiningane på Søre Sunnmøre (NÆSS).
Det blir halde tilsvarande møte i Fosnavåg same dag, kl. 12.00 - 14.30. Klikk her dersom du heller ønskjer å delta i Fosnavåg.