Dialogmøte om støtte til grøne omstillingsprosjekt - Molde
Molde, Scandic Seilet
I samarbeid med Molde næringsforum inviterer vi bedrifter og kommunar til dialog om kva Innovasjon Norge, Forskingsrådet og Møre og Romsdal fylkeskommune kan bidra med av rådgiving og støtte til grøne omstillingsprosjekt.
Aktørar treng ikkje å ha erfaring med forsking- og innovasjonsprosjekt for å delta.
Vi står føre ei omstilling til ein grøn økonomi med fokus på nye berekraftige løysingar. Nyskaping og omstilling er risikabelt. Risikoavlastning er viktig for realisering av nye krevjande prosjekt, og verkemiddelapparatet kan hjelp til å realisere prosjekta.
Her får du informasjon om:
- Verkemidlar og moglegheiter
- Korleis utvikle prosjekt frå ide til realisering gjennom samarbeid med kundar, leverandørar, offentleg verksemder og forskingsmiljø
- Samtale med to bedrifter rundt erfaringar med innovasjonsprosjekt og gode råd for deg som skal starte opp.
Du får også høyre erfaring frå gode forskings- og innovasjonsprosjekt.
Når: Molde, Scandic Seilet, kl. 10 - 13 (lunsj frå kl. 12)