Kurs i moderne prosjektleiing med Jonas Aakre (del 3)
Zoom
Som ein del av Folkehelseprogrammet blir det arrangert kurs i moderne prosjektleiing over tre moduler februar/mars 2023.
Det vil vere ein kombinasjon av fysisk og digital deltaking:
- 28. februar: digital deltaking på Zoom
- 15. og 16. mars: Fysisk to-dagars samling på Scandic Alexandra, Molde
- 30. mars: digital deltaking på Zoom
Kurset rettar seg spesielt mot dei som arbeider med folkehelse i kommunane. Prosjektleiar i tiltak i Folkehelseprogrammet blir prioritert. Det er avgrensa tal plasser. Fortrinnsvis er det plass til ein frå kvar kommune, men kan bli opna for fleire avhengig av interesse for kurset.
Endeleg stadfesting på deltaking kjem så snart vi har ei oversikt over kven som ønsker å delta.
Frist for påmelding: 01.02.23
Sjå vedlegg for meir informasjon om kurset.
Kostnad
Dei fysiske kursdagane blir arrangert i Molde på Scandic Alexandra. Kurset inkludert lunsj blir dekt av fylkeskommunen.
Dei som har behov for hotellrom, bestiller og dekker det sjølv.
For bestilling av rabattert rom, kontakt hotellet på tlf. 71 20 36 00 eller e-post alexandramolde@scandichotels.com. Oppgi referansenummer 48319028.
Fylkeskommunen har heldt av rom til kurset fram til 25.02.23. Du vil få ei stadfesting om deltaking før den tid slik at du rekk å bestille hotellrom.
Husk at du sjølv må avbestille hotellrommet om du ikkje kan delta på kurset, for å unngå fakturering.
Lenke til påmelding:
https://forms.office.com/e/aDLTrtwhhi