Kunsten sitt moglegheitsrom – kunsten si rolle i Møre og Romsdal i framtida

29/09 2022 08:30 - 16:00
Parken Kulturhus, Ålesund
Skriv ut
Bildet viser turkis moderne kunst på Molde torg.

Møre og Romsdal fylkeskommune, Ålesund kommune, Møre og Romsdal kunstsenter og Høstscena inviterer til seminar om kunst i stadutvikling i Parken kulturhus i Ålesund 29. september kl. 0830 – 1600.

Formålet med dagen er å kople kommunar, by- og stadutviklarar og kunstnarar for å sjå på moglegheitene som ligg i å involvere kunstnarar gjennom heile planleggingsfasen i by- og tettstadprosjekter.

Målgruppe: kommunar (kulturavdeling, samfunnsutvikling, kommunal planlegging), planleggarar og utviklarar innan by- og tettstadutvikling, kunstnarar,  offentlege og private oppdragsgivarar som jobbar med kunst i offentleg rom og andre som er interessert i kunst i by- og stadutvikling.

Stad og tid: Foajéen, Parken Kulturhus, Ålesund, kl. 0830-1600

God by- og stadutvikling er ei utfordrande oppgåve og forventningane til gode og attraktive offentlege rom er høge. For å møte desse forventningane må vi kanskje utfordre dei tradisjonelle metodane for by- og tettstadutvikling og ta i bruk nye og andre ferdigheiter. Det er her kunstnarane kan bidra. I seminaret vil vi utforske korleis kunst og kunstnarar kan vere med på utvikle ein by eller tettstad. Og kva skjer når kunstnarar blir involvert i planleggingsfasen i by- og stadutviklinga?

På programmet er ein verkstad fasilitert av Piwot (https://www.piwot.no/). Der vil vi jobbe med korleis ein kan skape gode stadutviklingsprosjekt saman med kunstnarar og korleis søke midlar til prosjekt. Det er mogleg å ta med eigne utviklingsprosjekt til denne verkstaden for å få hjelp prosjektskissene. Send gjerne inn prosjektskildring på førehand til camilla.wiik@mrfylke.no

Til seminaret kjem KORO, dei vil snakke om si prosjektstøtteordning (Lokalsamfunnsordningen) og moglegheitene som ligg i kunst i stadutvikling.

Meir detaljert program kjem snart.

 

Program med Høstscena:

Etter seminaret kan deltakarar få oppleve Francesca Grillis «Sparks» som er ein del av programmet på Høstscena. Les meir om meir om «Sparks» her: https://hostscena.no/sparks/ . Det er berre 20 tilgjengelege plassar på denne framsyninga.

Påmeldingsfrist til seminaret er 10. september

Påmeldingsskjema

Kontakt