Konferanse for kommunale råd for personar med nedsatt funksjonsevne

14/11 2022 00:00 - 15/11 23:00
Quality Hotel Waterfront, Ålesund
Skriv ut

Vel møtt til konferanse for kommunale råd for personar med nedsett funksjonsevne i Ålesund 14. og 15.november!  

Stad: Quality Waterfront Hotel, Ålesund  

Tidspunkt: Lunsj til lunsj  

Endelig skal vi møtast til samling igjen, etter snart tre år utan! Sist fylkesrådet arrangerte samling for kommunale råd var i februar 2020.  

Vi jobbar med detaljprogrammet, men vi har allereie fått bekrefta at BUFDIR, tilsette frå Statsforvaltar, Mobbeombod og Elev- og lærlingombod i Møre og Romsdal kjem til konferansen. Det same gjeld representantar frå fylkeskommunen si samferdselsavdeling og planavdeling. Rådgjevar for fylkesrådet vil gjere ei «politikaropplæring» i form av gjennomgang av lovverk og rettleiarar, i tillegg til forslag til endringar i noverande kommunelov som er på høyring.  

I tillegg er målet at samlinga skal ha godt rom til diskusjon og dialog.  

Kvar enkelt skal betale for seg sjølv på hotellet og prisane vil verte slik: 

Heile konferansen, inklusiv deltaking begge dagar, overnatting, og middag: 2195,- 

Dagpakke per dag: 500,- 

Middag for dei som ikkje skal overnatte: 399,-  

Overnatting utan middag: 1090,-  

Påmeldingsfristen er ute. Vil du framleis melde deg på? Send ein e-post til vår kontaktperson, Anna Lianes.

Dokumenter

Kontakt