Fylkeskulturkonferansen 2023
Scandic Alexandra Hotel, Molde
Velkommen til fylkeskulturkonferansen 2023!
Tema for konferansen
Tema for årets fylkeskulturkonferanse er lokal og regional kulturpolitikk. Kvifor skal vi ha ein kulturpolitikk? Korleis utviklar vi kulturpolitikk? Korleis påverkar ekspertane sitt inntog i offentleg politikkutforming rammene for god og demokratisk styring? Dette er nokre sentrale spørsmål i årets konferanse.
Konferansen legg det utvida kulturomgrepet til grunn, og det vil mellom anna vere parallelle sesjonar som tek opp idrett, friluftsliv, folkehelse, kunst- og kulturtilbod til barn og unge.
Temaet er valt fordi 2023 er valår, det kjem nye nasjonale forventingar til regional og kommunal planlegging og alle i kommunal sektor skal utarbeide ein ny planstrategi.
Program
Konferansen er strukturert rundt hovudtema, med innlegg og rom for dialog på scena mellom sentrale aktørar i kulturfeltet. Konferansen går over to dagar, og det er lagt opp til parallelle sesjonar der møtedeltakarane sjølv kan velje kva dei deltek på etter eigen interesse. Det er eit mål at hovudtema skal ha betydning for innretting og diskusjon i dei parallelle sesjonane.
Last ned programmet i lenka nedanfor.
Grupperom for parallellsesjonar
Her kjem ei oversikt over kva rom dei ulike parallellsesjonane foregår i.
Onsdag 24.05
- Folkehelse - Møterom: Veøy 2
- Ung kunst og kultur - Møterom: Veøy 3
- Spelemidlar til idrett og fysisk aktivitet - Møterom: Rom 103 (Fylkeshuset)
- Kulturarvsarbeid i kommunane - Møterom: Hjertøy 2
- Publikumsutvikling - Møterom: Veøy 1
- PULS 2030 - Framtidsscenario - Møterom: Prosjektarenaen på Fylkeshuset (1.etg)
Torsdag 25.05
- Ungt utanforskap - Møterom: Hjertøy 2
- Berekraftig by og tettstadsutvikling - Møterom: Bankettsalen
- Korleis måle gjennomføring av berekraftsmåla i kultursektoren - Møterom: Veøy 2
- Korleis jobbe med berekraft gjennom frivilligheita? - Møterom: Veøy 3
- Regional planstrategi - Møterom: Veøy 1
Målgruppe
Hovudmålgruppa er kommunalt tilsette innanfor fagområda omtalt ovanfor, og gjerne politisk leiing. I tillegg vil konferansen vere av stor interesse for det breie kulturfeltet i fylket.
Alle deltakarar må betale overnatting og middag sjølv.
Påmelding
Påmeldingsfrist er 12. mai.