Fylkeseldrekonferansen 2022

24/08 2022 12:00 - 25/08 13:00
Thon Hotel Kristiansund
Skriv ut

24.-25.august vert det Fylkeseldrekonferanse i Kristiansund!  

Nytt av året er at vi slår saman den tidlegare fylkeseldrekonferansen og konferansen for kommunale eldreråd. Konferansen vert frå lunsj til lunsj. Første dag vert den tradisjonelle fylkeseldrekonferansen, medan dag to vil vere meir retta mot kommunale eldreråd. Begge dagane er opne for alle i målgruppa.  

Målgruppe: Medlemmer i kommunale eldreråd, medlemmer i lokale pensjonistlag, medlemmer i lokallaga til Nasjonalforeningen for folkehelsen, politikarar, andre administrativt tilsette.  

Stad: Thon Hotel Kristiansund

Desse er allereie bekrefta: Jan Davidsen (leiar i Pensjonistforbundet nasjonalt), Bente Lund Jacobsen (Eldreombod), Birger Jensen (Husbanken) og Senteret for eit aldersvennleg Norge. I tillegg vil ein få orienteringar om fylkeskommunale strategiar for klima og miljø og attraktive byar og tettstadar. Samferdselsavdelinga vil møte om dialog rundt ulike problemstillingar innanfor samferdsel i fylket.  

På dag to vert det mellom anna gjennomgang av kommunelov og forskrift for medverknadsorgan av rådgjevar Anna Lianes, i tillegg til at vi vil jobbe med utkast til oversendingsforslag til neste års landskonferanse for fylkeskommunale eldreråd. Slik får råda i fylket får vere med på å påverke kva som vert sendt inn frå fylket, som igjen vert sendt til nasjonale mynde. Mot slutten av dag to vil det verte lagt opp til diskusjon og gruppearbeid.  

Meir detaljert program vil kome så snart det er klart, og merk at enkelte programpostar kan bli flytta mellom dagane.  

Konferansen er i samarbeid med Pensjonistforbundet og Nasjonalforeningen for Folkehelsen.  

Vel møtt til to spennande dagar i Kristiansund!  

Prisar:  

Deltaking på konferansen: 515 kroner per person per dag. (1030 kroner for begge dagar)  

Middag: 455 kroner per person 

Overnatting: 1095 kroner. (Hotellet held av 30 rom.)  

NB: Alle skal betale for seg sjølve på hotellet. Det vert ikkje sendt faktura i etterkant.  

Påmeldinga er bindande. Eventuell avmelding må skje skriftleg til anna.lianes@mrfylke.no seinast ei veke før konferansen, 17.august, 12.00.  

Påmeldingsfrist 20. juni.