Frisklivssamling 7.-8. september 2022

7/09 2022 11:00 - 8/09 13:30
Thon Hotel Innlandet, Kristiansund
Skriv ut

Velkomen til samling for frisklivssentralane i Møre og Romsdal. Det vil vere ei fysisk samling over to dagar. Samlinga skal vere i Kristiansund.

7. september frå 11.00, middag på kvelden
8. september frå 8.30 til 13.30

Stad: Thon Hotel Innlandet, Kristiansund

Målgruppe: Tilsette i frisklivssentralar, folkehelsekoordinatorar og relevante leiarar/beslutningstakarar. 

Det vil bli fagleg påfyll, rom for erfaringsutvekslingar, refleksjonar og gruppearbeid. Helsedirektoratet vil fortelje om nasjonale føringar på kva friskliv skal satse på framover og vi får eksemplar på korleis andre frisklivssentralar i landet jobbar med blant anna utmatting. Det er også lagt opp til ei lita praktisk økt før middag dag 1, som frisklivssentralen i Kristiansund står for.

Meir detaljert program kjem.

Samlinga er i regi av ressursgruppa for friskliv i Møre og Romsdal, som består av Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, utviklingssentralen i Kristiansund, Møre og Romsdal Idrettskrets og Møre og Romsdal fylkeskommune.

Samling m/overnatting og middag er dekka. Ekstra natt i forkant av samling kan vurderast dekt for dei som reiser lengst. Ta kontakt med oss.

Påmeldingsfrist 1.august

Påmeldingsskjema

Ved behov for ekstra natt i forkant, ta kontakt med oss.

Kontakt